Gro Dregelid er ei av dei som bryr seg, ei av dei som vil gjera ein skilnad, som meiner at me alle kan bidra til ei betre verd. Ho har vore reservemamma og støtte til unge asylsøkjarar på flykt i Noreg og Europa, ho var til stades i rettssaken mot han ho berre kallar terroristen, og ho driv sitt eige bistandsprosjekt i Tanzania. Dette er første av to podkastar med henne. Her snakkar om ho om mindreårige asylsøkjarar, om Utøya og rettssaken etterpå m.n. I neste episode vert det mest om Tanzania og henne sjølv.
Dette er andre episoden av samtalen min med den palestinske flyktningen Susan Hassan Abdalla. Ho er busett på Stord, er aktiv kommunepolitikar for Ap,...
Ein litt springande samtale som startar med spørsmålet om me kan læra noko av historia, og sidan både svingar innom urbanisering, arkitektur, vern av...
Susan Hassan Abdalla kom til Stord som flyktning for ti år sidan. Ho har overlevd massakren i Sabra og Shatila i 1982 og Israel...