Atle Hansen snakkar med folk

Ein podcast av forfattar, visesongar, låtskrivar og journalist Atle Hansen. Samtalar med folk eg kjenner eller har lyst til å bli kjent med, og som eg trur både har noko å fortelja og noko dei ...more

Latest Episodes

April 25, 2021 00:32:40
Atle Hansen snakkar med Susan Hassan Abdalla 2

Atle Hansen snakkar med Susan Hassan Abdalla 2

Dette er andre episoden av samtalen min med den palestinske flyktningen Susan Hassan Abdalla. Ho er busett på Stord, er aktiv kommunepolitikar for Ap, lærar i ungdsomsskulen og mor. I denne episoden snakkar me om feminisme og Islam og om Israel sitt åtak på Gaza i årsskiftet 2008/2009, som Susan fekk oppleva på kroppen, og som til sist gjorde at ho flykta til Noreg med familien, ...

Listen

April 24, 2021 01:20:18
Atle Hansen snakkar med Susan Hassan Abdalla 1

Atle Hansen snakkar med Susan Hassan Abdalla 1

Susan Hassan Abdalla kom til Stord som flyktning for ti år sidan. Ho har overlevd massakren i Sabra og Shatila i 1982 og Israel sitt massive bombeåtak på Gaza i 2008/2009, ho har vore tolk for Yassir Arafat og gått på barneskule i Yemen. Ho er sterkt samfunnsengasert, oppteken av religion og feminisme, sjølvstende i både tankar og framferd og sitt eige folk sin lagnad,. Samtalen med henne er delt i to episodar, i denne første snakkar me først om Ramadan og Islam sine fem søyler og om hennar identitet som flyktning m.a. I den andre episoden handlar det både om feminisme og Islam og om å leva under bomberegnet frå isrealske F16-fly, då heimen hennar vart øydelegd og den kvite fosforen frå bombene brann både hus og folk. Og ho snakkar om å komma til Stord og bli lærar. Kommunepolitikaren har me priroritert vekk.   ...

Listen

April 18, 2021 00:57:40
Atle Hansen snakkar med Geir Atle Ersland

Atle Hansen snakkar med Geir Atle Ersland

Ein litt springande samtale som startar med spørsmålet om me kan læra noko av historia, og sidan både svingar innom urbanisering, arkitektur, vern av hus, dialekt og språk, trællehald, Gutaltingslova og mykje anna. Geir Atle Ersland er professor i middelalderhistorie ved Universitetet i Bergen, han har skrive fleire bøker med historiske emne og ein historisk roman. ...

Listen

April 10, 2021 00:57:32
Atle Hansen snakkar med Tore Roth Blokhus

Atle Hansen snakkar med Tore Roth Blokhus

Kommunepolitikar for Raudt, noregsmeister i Petanque, spesialpedagog, lærartillitsvald og lidenskapleg samlar av vinylplater. Tore Roth Blokhus er gjest i denne episoden av Atle Hansen snakkar med folk, og det er ein mann det er vel verd å lytta til. ...

Listen

2

March 21, 2021 00:28:32
Atle Hansen snakkar med Gro Dregelid 2

Atle Hansen snakkar med Gro Dregelid 2

I første samtalen min med Gro Dregelid snakka me mest om unge, mindreårige asylsøkjarar som ho har vore representant og "mamma" for, om Utøya og terroristen og om korleis den norske staten behandlar desse unge som kjem hit. I andre delen av samtalen handlar det mest om arbeidet Gro Dregelid gjer i Tanzania, om Stord, og om henne sjølv. ...

Listen

1

March 20, 2021 00:40:50
Atle Hansen snakkar med Gro Dregelid 1

Atle Hansen snakkar med Gro Dregelid 1

Gro Dregelid er ei av dei som bryr seg, ei av dei som vil gjera ein skilnad, som meiner at me alle kan bidra til ei betre verd. Ho har vore reservemamma og støtte til unge asylsøkjarar på flykt i Noreg og Europa, ho var til stades i rettssaken mot han ho berre kallar terroristen, og ho driv sitt eige bistandsprosjekt i Tanzania. Dette er første av to podkastar med henne. Her snakkar om ho om mindreårige asylsøkjarar, om Utøya og rettssaken etterpå m.n. I neste episode vert det mest om Tanzania og henne sjølv. ...

Listen
Next